Ullestad.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 199 ---

I matrikkelen for Voss er Øvre Ullestad gardsnr. 44, og Nedre Ullestad gardsnr. 45. Gardsnamnet Ullestad vert uttala "Udlestò". Det var i gamalnorsk oftast skrive Ulfaldastaðir, i dativ (á) Ulfaldastoðum og av den siste formi kjem notidsformi. Namnet er samansett av eit gamalnorsk ord ulfaldi, som tyder kamel, og fleirtal av ordet stad. Me kjenner frå gamalnorsk tid tri menn som har havt tilnamnet ulfaldi, og her har det truleg butt ein til, som garden har fått namn etter.

--- side 200 ---

Torbjørn rådmann i bispegården i Bergen og 5 andre menn kunngjer i brev av 1326 (DN. I. nr. 186) at dei var tilstades i Bispegården, der Einar på Øyrene, som var Gudrid Aufinnsdr. (Arnfinnsdr.?) sin umbodsmann på eine sida og Gudbrand Peterson på Finne og Eirik Erlendson (Bokke) på andre sida, vart samde um at Gudbrand skulde betala Gudrid 8 mmb. i Kjalasvik i Njardheims sokn (d. e. Ølve) og 2 mmb. i Romsøy same stad for dei 13 mmb. i Ullestad på Voss som Orm Peterson hadde gjeve til trygd for Gudrid si tilgift 8 mark gull og meir. Tri menn melder i brev 1330 (DN. III. s. 145) at Gudbrand Peterson på Finne selde til Odd Halleson 3 mmb. i Ullestad, og 1332 selde han 1 mmb. til den same (DN. III. s. 151). Gudbrand sette upp bygslekontrakt med Odd i 1333 um 3 mmb. ,i Ullestad (DN. III. s. 159). Sira Eirik Andersson, prest på Vangen, og to andre menn kunngjer i brev 1352 (DN. XV. s. 21) at dei var tilstades på Holo i Vinje sokn i brudlaupet åt Bård Valtjofson og Gyrid Guttormsdr., då Brynhild Sigurdsdr. gav Gyrild 5 mmb. i Ullestad i heimafylgje. Gulatings lagmann melder i diplom av 1367 (DN. XV. s. 25) at han har dømt i ei sak millom Valtjof Bårdson på eine sida og Vernik Hvit med kona Sigrid Sigurdsdr. på andre sida um 5 mmb. i Ullestad, som Sigrid hadde betalt i bøter for Valtjof sin son Bård. Hennar tidlegare husbond, Eirik Ivarson, hadde av vanvare kome til å drepa Bård. Jordgodset vart difor tilkjent Valtjof.

I Diplomatariet frå 1384 er fortalt, at Margreta Sveinsdr. på Ullestad (dotter åt S. Halleson, umtala på Rogne) låg sjuk, og ho gav då til Ragnhild Toresdr. 1 laup i Ullestad (DN. II. s. 376). Far hennar Ragnhild, Tore Eilivson, hadde tent hjå Margreta i 11 år. Tore gav dette laupsbolet i 1387 til Botolv Eindrideson (DN. II. s. 385). I 1387 (DN. I. s. 370) har Margreta Sveinsdr. gjeve att til same Ragnhild ½ laupsbol i øvste tunet på Ullestad. Ho Ragnhild gav i 1391 det laupet ho hadde fått hjå Margreta, til Åsa Håvardsdr. (DN. II. s. 528). Gudbrand Torfinnson på Ullestad har i 1389 (DN. I. nr. 512) vitna um eit makebyte millom Brekku og Bolstad. To lagrettemenn på Voss vitnar i 1392 (DN. II. s. 406) at kongen sin umbodsmann på Voss, Arnfinn Oddson, hadde høyrt 2 vitne. Dei fortalde at Åsa Håvardsdr. hadde stemnt Olav Bjørnson og Vigdis for 1 pundsbol i Ullestad, som dei vilde eigna til seg. Då dei ikkje møtte, gav Åsa dei sjølv stemning til å møta for

--- side 201 ---

lagmannen. Gulatings lagmann tildømer i 1392 (DN. II. s. 408) Åsa Håvardsdr. på hennar eigne og borni sine vegner det pundslodd i Ullestad, som Olav Bjørnson og kona hans Vigdis Håkonsdr., sat inne med og vilde eigna til seg, og likeins landskyldi av det frå den tid det var burtgjeve.

I brev av 1396 (DN. I. nr. 555) er vitnemål um at kongens umbodsmann etter uppmoding av Åsa Håvardsdr. har høyrt 2 vitne um at Halldor Eindrideson på sottesengi hadde lagt ein åker på Ullestad under Åsa sin part. Tri menn hadde set på åstaden, men vilde ikkje døma i saki fyrr lagmannen avgjorde um Halldor si utsegn skulde stå ved makt. Ved brev utferda på Bolstad i 1400 kjøpte kona Åsa på Finne av Arnbjørn Sunulvson, prost til Apostelkyrkja i Bjørgvin, 2 mmb. i Øvre Ullestad, som han hadde teke av Ivar Kufur i bot.

Tri lagrettemenn vitnar i brev av 1401 (DN. XV. s. 36) at Gudleik Sigurdson i 1399 selde til Åsa Håvardsdr. på Finne 2 mmb. i Ullestad, som far hans, Sigurd, hadde ervt. Gudleik fekk i betaling 4 kyrlag i Vike og 4 kyrlag i anna jordgods. Ho Åsa bytte i 1402 (DN. V. s. 295) med Steingrim Håkonson
3 mmb. i Øvre Bolstad uti 8 mmb. i Ullestad og 5 mmb. i Øvre Bolstad uti 8 mmb. i midttunet på Himle.

Siwold på Ullestad har i 1518 betalt 1 mark i skatt til kongsgarden i Bergen. Laffrits (Laurits) var brukar på Ullestad i 1521, Sylfest og Per i 1563 og Oluf og Mikkjel i 1591 og 1611. Oluf Ullestad og Oluf Finne åtte 1611 tilsaman 2 laup i Ullestad. Oluf var òg brukar i 1614 og er då utskriven til Svinesund med øks og sverd. Seinare er han ikkje nemnd og har vel difor ikkje kome att. Odd Rasmusson er ofte nemnd som leiglending i tidi 1611-1647. Han var fødd uml. 1587 og gift med Ragnhild som var syster åt Torstein Finne. Hollgeir var øydegardsmann i 1614 og førd upp fleire gonger som leiglending 1621-1640. Han åtte ½ laup i Gjerde i 1621 og 1 pund 8 mark i Ullestad i 1629. I 1645 var det forutan fyrrnemnde Odd 2 leiglendingar til, nemleg enkja Gjertrud Rasmusdr. og Rasmus Olavson, gift med Marta. Dei hadde døtterne Herborg og Synneva. I 1652 er for fyrste gong skilt millom Øvre og Nedre Ullestad, men landkommisjonen av 1661 har ført Ullestad samla som heil gard med skyld 6 laup 3 spann. Derav åtte soknepresten til domkyrkja 3 laup 3 spann. 3 laup høyrde til Finnegodset. Det var 3 brukarar: Olav, Per og Knut.

--- side 202 ---

Øvre Ullestad. Gardsnr. 44.

Dei 3 laup av Ullestad som i 1661 høyrde til Finnegodset, er Øvre Ullestad. Der var 2 brukarar. I matrikkelen 1723 er skyldi den same, og der er 2 brukarar. Det var då knapt um ved til husbruk. Ein liten humlehage var der, men ikkje kvern og ikkje noko fiske. Garden var sers lettbrukt og hadde midels god jord for kornavling. Skyldi var ogso i 1777 3 laup, men i 1838 2 laup 2 pund 20 mark. Ho er då umskrivi til 5 dalar 1 ort 20 skill. Ullestadteigen som ligg på sørsida av Vangsvatnet, er i 1775 skild frå med 4 mark i skyld, sjå gardsnr. 233, Det var noko brennefang på Ullestad er det sagt i 1838. Samanlikningstalet då var 810.

I matrikkelen 1865 er ført upp: 17½ mål åker, 15 mål eng og av natureng 31½ mål god, 52 mål midels, og 9 mål skrapebø. På Grovendal (bruk 7). var 1 mål frukthage. Vårhamni var ring og sumarhamn var det ikkje. Garden hadde vedaskog, men ikkje timber, var sers lettbrukt, hadde ikkje fiske og var noko utsett for å svida. Bruk 1 var dyrka som vanleg og bruk 2 betre enn vanleg. I 1918 var det 30,5 mål åker, 10 mål kunsteng og 48 mål natureng.

Fødnad og avling (i tunnor) på Øvre Ullestad.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723 2   22   24   24      
1865 2   21   50   45   40  
1918 9   15   26          

For 1657 har ein ikkje uppgåve av di garden då høyrde til Finnegodset.

Per Brynjulvson og Knut Magneson var leiglendingar på Øvre Ullestad i 1661. Knut vart i 1662 saman med nokre andre stemnt fordi han hadde plukka neter i skogen hjå andre. Gjert Miltzow åtte garden i 1680 og Henrik Miltzow i 1691. Knut Magneson brukte heile garden i 1691 og 1695, men i 1701 er Torgeir Arnfinnson ogso brukar. Frå den tid er Øvre Ullestad skift i to bruk.

--- side 203 ---

Dei einskilde bruk på Øvre Ullestad.

På Øvre Ullestad er det to hovudbruk, som no er bruk 1 og 2. Desse bruki har som nemnt vore skilde åt sidan 1701. I seinare tid er det fråskilt ei rekkje tufter som er upprekna nedanfor etter hovudbruki.

Bruk 1. Øvre Ullestad. Torgils Arnfinnson, f. 1660, var gift fyrst med Guro, dotter åt Knut Magneson og sidan i 1713 med Synneva Jørgensdr. Han er vorten leiglending millom 1695 og 1701. 7 born med Guro: a. Arnfinn, b. Knut, f. 1708, c. Jorunn, f. 1688, g. m. Per Andersson Hallen, d. Ragnhild, f. 1690, g. m. Gusskalk Olavson Endeve, e. Guri, f. 1698, gift 1. med Anders Oddson Flatekvål, 2. med Olav Brattåker, Sisselja, f. 1700, g. m. Nils Røyrlien, g. Ingebjørg, f. 1704. Med Synneva hadde Torgils sonen Ivar, f. 1714. Ivar gifte seg 1733 med Anna Ivarsdr. Ivar vart i 1745 dømd for tri legemål utanfor ekteskap, derav to med Marta Larsdr. Ho hadde havt tri legemål fyrr. Ivar vart dømd til "at miste hovedet ved sverdet, og hans boes lod at være forbrudt". Det synte seg at han ikkje åtte noko. Marta vart i 1746 dømd "at straffes til kagen. Dog henstilles sågen til kongens naade".

Arnfinn Torgilsson, f. 1692, gifte seg 1722 med Rannveig Sjursdr. Øvre Himle og døydde 1751. Han bygsla bruk 1 av Henrik Miltzow. 6 born: a. Anders, f. 1725, gm. 1. enkja Ingjerd Olavsdr. Saude, 2. med enkja Ingebjørg Sjursdr. Lid (Kindem: Lidætti nr. 8), b. Sjur, f. 1727, gm. Gjertrud Johannesdr. Honve, c. Torgils, d. Torstein, gift som grenader 1768 med Anna Nilsdr. Finne, e. Guro, gift 1758 med Olav Monsson Honve, f. Jorunn, f. 1734, gm. enkjemann Halldor Bårdson Lunde. Torgils Arnfinnson, f. 1729, gifte seg 1757 med Marta Sjursdr. Kinne og bygsla garden etter foreldri sine i 1759. Han kjøpte løysingsretten til 1½ laup i 1759, og jordgodset kjøpte han 1763 av sorenskrivar Fleischer. I 1775 selde Torgils 4 mark i Ullestadteigen til Lars Knutson Haugo. Torgils var fleire gonger for retten for slagsmål i 1770-åri, og har nok butt seg nedover. I 1782 bytte han med Aslak Henrikson Rykke uti Bauthus, 2 pund 4 mark. Aslak bytte att 1783 med Knut Brynjulvson Rokne uti ein part i Jernes. Knut var gift med Brita Andersdr. Ringheim og døydde 1793, 61 år gl. (Kindem:

--- side 204 ---

Tvildeætti nr. 514). Deira born var: Anders, Kirsti, Kristi, Sisselja og Margreta. Kirsti gifte seg 1787 med Gusskalk Person Rekve, som hadde stovehus og handel på Vangen (tuft. 53). Kristi var gift 1795 med Gusskalk Larsson Endeve, husmann i Lydvateigen. Sisselja, f. 1772, g. m. Gusskalk Sjurson Rykke, gardmann på Litle Rokne. Margreta, f. 1784, døydde ugift.

Anders Knutson Ullestad, f. 1776, gift 1809 med Guro Olavsdr. Store Ringheim og fekk garden etter foreldri sine i 1795. Anders døydde 1819, og Guro gifte seg uppatt i 1822 med Knut Vikingson Repål. Born med Anders: Knut, Olav, Brynjulv, Brita. Born med Knut: Anders og Viking. Olav, f. 1815, g. m. Ingebjørg Hallesdr. Prestegard, var skomakar og budde på Vangen. Brynjulv, f. 1817, g. m. Kari Eiriksdr. Saude, kjøpte gard på Løno. Brita, f. 1810, var gift 1. med Johannes Johannesson Finne, skomakar på Vangen, 2. med enkjemann Knut Larsson, gardmann på Rokne. Anders Knutson f. 1825, gm. Kirsti Olavsdr. Flatekvål, kjøpte gard på Repål. Viking, f. 1827 døydde ugift. Knut Andersson, f. 1812, gifte seg 1840 med Guro Olavsdr. Flatekvål og fekk i 1823 skøyte på halve garden og i 1843 skøyte frå stykfaren på den andre halvparten. Knut døydde 1897 og hadde 3 døtter: Guro, Ingjerd og Anna. Ingjerd, f. 1844, var gm. Eirik Arnfinnson Rogne. Anna, f. 1849 døydde ugift. Guro, f. 1841, gifte seg 1863 med Sjur Anderson Hauge, Vossastrondi. Dei fekk farsgarden hennar for 2400 kronor. Sjur dreiv mykje med hestehande. og døydde 1902. 4 born: Knut, Anders, Olav, Johannes. Knut, f. 1863, gm. Sisselja Larsdr. Ringheim, fekk garden i 1894 for 4800 kronor. Anders, f. 1868 er umtala på bruk 74 på Prestegarden. Olav, f. 1872 er umtala på bruk 50 av Prestegarden. Johannes, f. 1880 er i Amerika.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 44, Inr. 98, med gamal skyld 1½ laup. I 1775 var Ullestadteigen (gardsnr. 233) utskild med 4 mark i skyld. Skyldi på bruk 1 vart då 1 laup 1 pund 8 mark. Den ureviderte skyldi var 2 dalar 3 ort 6 skill. og den reviderte 3 dalar 1 skill. Ny skyld mark 4,38. Etter at bruk 5, 6, 9, 10, 12-15 og 18 er utskilde, er skyldi på bruk 1 mark 3,59.

Bruk 2. Øvre Ullestad. Knut Magneson var som fyrr umtala leiglending i 1701. Han var fødd 1630, andre gongen gift med Åsa Larsdr. og døydde 1704. Åsa gifte seg so med Arve Ullestad. Han bygsla bruket i 1704 av Henrik Miltzow. Knut hadde borni Eirik, Guro og Gjertrud. Eirik var utanlands

--- side 205 ---

i 1704. Guro var gift med Torgils Ullestad. Gjertrud, f. 1695, gifte seg med Anders Person Indre Flògo. Han gifte seg andre gongen med Brita Olavsdr. Bø, Tjukkebygdi. Ingebrikt Olavson, gm. Ingebjørg Olavsdr. bygsla i 1739 garden av Henrik Miltzow og kjøpte i 1759 løysingsretten åt bruket, men selde han att 1760 til sorenskrivar Fleischer. Han kjøpte dette jordgodset same året av Inger Worm Furstenberg. Fleischer testamentera garden til Enkjeheimen på Vangen. Enkja etter sorenskrivar Schelderup var brukar av garden til 1832 då Botolv Steffa on Gjerstad kjøpte han for 950 spd.

Botolv var fødd 1803, gm. Synneva Styrksdr. Rekve, og døydde 1882 (Kindem, Dagestadætti nr. 70). Han var flink massingsmed, støypte syljor, massingstakar og liknande. Husi stod då saman med husi på bruk 1. Botolv flytte eit par av husi ut der husi på bruk 2 no er og bygde eit par nye. 5 born: Steffa, Styrk, Brita, Marta og Ingebjørg. Styrk fødd 1836, gm. Ingeleiv Persdr. Lote, er umtala under tuft 66 på Gamle Vangen. Brita, f. 1833 var gm. Olav Person Gjelle, som fekk gard på Stalheim. Marta, f. 1839 gifte seg til Mølster med Mattis Bjarneson. Ingebjørg, f. 1846 vart gift til Gjerme med Gusskalk Johannesson. Steffa, f. 1831, gm. Brita Larsdr. Rue fekk garden etter foreldri i 1882 for 2800 kronor. Han døydde 1895 og hadde borni: Botolv, Synneva, Marta og Anna. Botolv fekk garden i 1918 for 16 400 kronor. Han er f. 1873 og gm. Berta Maria Larsen.

I 1884 vart Inr. 99 b, Basteryggen, med skyld 2 øre utskilt frå bruk 2 og ervefest til Fredrik Fleischer. Ført saman med Nedre Ullestad gnr. 45 bruk 3 i 1889.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 44, Inr. 99 med gamal skyld 1½ laup, urevidert 2 dalar 3 ort 14 skill., revidert 3 dalar 1 ort 13 skill. Ny skyld mark 4,82. Seinare er fråskilt Inr. 99b og bruk 3, 4, 7, 8, 11, 16, 17, 20-23. Skyldi på bruk 2 er deretter mark 2,76.

Bruk 3. Ullestad, Meinhardts Hotell, utskilt frå bruk 2 i 1885 med skyld 4 øre og ervefest til Sjur J. Fadnes, som bygde hotell der. Det var millom Kjellers Hotell og Grovendal og vart kalla Jernbanehotellet. Andersen dreiv det eit års tid, men bygde so hotell på Stalheim. Ivar Ivarson kjøpte Jernbanehotellet og selde det til C. Jonson i 1887. Karl Meinhardt kjøpte det i 1891 og brigda namnet til Meinhardts Hotell.

--- side 206 ---

Kjøpmann E. Ellingsen i Bergen vart som kausjonist seinare eigar av det. Han selde huset ikring 1901-2 til Stalheim, der det er innbygt i hotellet. Fleischers Hotell kjøpte tufti.

Kjellers hotell. Steffa Ullestad og Sjur Fadnes bygde det på tufti straks vestanfor Fleischers Hotell ikring 1884. Fadnes overtok det sidan åleine. Hotellmannen K j eller leigde det nokre år. Seinare flytte Fadnes huset til bruk 39 av Voss Prestegard. Voss Avhaldskafé eig det no.

Bruk 4. Øvre Ullestad. Skilt frå bruk 2 i 1891 med skyld 5 øre og ervefest til dødsbuet åt C. Jonson. Han hadde bygt inn til hotellet på denne tufti. Framhald bruk 3.

Bruk 5 og 6. Rosenlund. Konduktør Pettersen, gm. Metta Bø, feste tuft der og bygde bustadhus. Fredrik Fleischer kjøpte det seinare og ervefeste jordstykki, som i 1902 vart skilde ut frå bruk 1. I 1918 er bruk 9 lagt til, so heile skyldi vart 9 øre. Johan Fleischer har no eigedomen.

Bruk 7. Grovendal. Skyld 24 øre. Cancellieråd Alstrup var den fyrste eigar av husi på Grovendal som eg har funne i arkivi, men eg veit ikkje anten han har bygt eller kjøpt dei. Det er fortalt at fyrste husi skulde vera bygde ikring 1735, men eg har ikkje funne noko prov for det. Petter Blytt har butt der medan han var residerande kapellan på Voss 1744-1759. Ved eit dokument dagsett Vikør Prestegard 27. august 1760 har han selt husi åt Alstrup til sorenskrivar Fleischer. Det var: a. bustadhus med 2 stovor, 2 kammers og kjøk i 1ste høgdi og 2 kammers på loftet, b. ein bakbygning med stove, ved- og eldhus, c. eit grise- og hønsehus. Dette stod på eigedomen åt bruk 2, men dei andre husi var på bruk 1. Då Fleischer som fyrr meldt i 1763 selde bruk 1 til Torgils Ullestad, har Fleischer truleg teke undan eigedomen Grovendal. Ved merkeskilsforretning av 1776 millom Ullestad og grannegardane er Grovendal fråskilt, men ikkje ilagd noko skyld.

Etatsråd sorenskrivar Johan Sechman Fleischer var fødd på Sjælland 1702 av foreldri kaptein Herman Reinholdt Fleischer og Magdalena Sechman. J. S. Fleischer vart fyrst offiser ei kort tid, men tok so på å studera jus. I 1733 vart han utnemnd til sorenskrivar i Hardanger og Voss sorenskriveri og vart buande på Hesthamar i Kinsarvik. 1735 gifte han seg med Elisabet Katarina Geelmuyden. Same året vart han utnemnd

--- side 207 ---

til cansellieråd. Då han i 1760 kjøpte på Grovendal, flytte han dertil og budde sidan der. Under Lekve er og fortalt noko um han. Fleischer var sorenskrivar til 1775 og vart utnemnd til etatsråd 1777.

I sitt 85de år har han skrive upp um si livsferd. Det er prenta i ei bok på 84 sidor, og er sers forvitneleg med di han der millom anna fortel um ei ferd han i sine yngre dagar hadde gjort til Grønland. Han døydde 1789. Kons hans var død 1774. Dei hadde 9 born som vart vaksne: a. Herman Reinholdt F., b. Fredrik Didrik Sechman F., assessor i Kjøbenhavn, c. Gerhard Vilhelm Geelmuyden F., byfut i Vejle, d. Filip F., sokneprest i Sund, e. Michael F., sorenskrivar i indre Sogn, f. Knut Geelmuyden F., sokneprest til Askøy, g. Anna Beate F., gm. stiftsprost Hans Mossin, h. Megtele Katarina F., gm. sokneprest til Stord Hans Paludan, i. Karen Katarina F. gm. bergråd Blichfeldt. Ved skifte etter Johan Fleischer var bruttomidelen 25 632 spd. Som fyrr nemnt hadde han gjeve Grovendal saman med bruk 2 til Enkjeheimen på Vangen.

Soknepresten selde i 1790 Grovendal til sorenskrivar Schelderup. Gjert Henrikson Pants har so ått Grovendal og truleg selt att til presten Jersin. Kaptein Peter M. Blytt har butt på Grovendal, truleg frå 1818 til han kjøpte gard på Eimstad 1828. Han var sjef for Vossestrands kompani, f. 1788, og gift 1820 med Marie Finde Fleischer, dotter åt krigsråd Fleischer, og døydde 1835 i Oslo. Blytt selde att til kaptein Olsen i 1835 for 575 spd. Han var fleire år veginspektør, og døydde 1852, 62 år gl. Sonen Hans Olsen var sorenskrivar i Hardanger og Voss 1885-1900. Enkjefru Olsen selde att i 1854 til klokkar David Lemme for 950 spd. Han bygde det tohøgda bustadhuset der i staden for eit gamalt, som vart rive. Lensmann O. Irgens kjøpte eigedomen i 1857 for 1500 spd. Han var lensmann på Voss frå 1874 til 1876, då han flytte til Bergen. Han var f. 1800, gm. Marie Kristine Stub og hadde sønene Jens og Johannes, som båe vart prestar. Forstmeister A. T. Gløersen kjøpte eigedomen i 1875 for 2500 spd. Han var f. i Nordre Aurdal 1836 og gm. Rachel Marie Carlsen, som døydde på Voss 1894. Gløersen flytte til Oslo og døydde der 1904. Han fekk bygt Voss Klengstova i 1880-81 på bruk 82 Lekve og var ein fyregangsmann både som forstmann og på andre umkverve. Juveler

--- side 208 ---

Hammer i Bergen kjøpte eigedomen i 1901 for 15 000 kronor, og selde han att same året til Fredrik Fleischer. Sonen Theodor Fleischer har no eigedomen. Fyrst i 1902 vart Grovendal sett i skyld, 24 øre.

Bruk 8. Solstrand. Utskilt frå bruk 2 og ervefest i 1902 til Hans Skagen som bygde seg bustad der. Anders Ramsdal kjøpte eigedomen i 1911 og selde 1916 til Guri Slen, som selde att 1917 til August Jonassen. Han er lokomotivførar, er f. 1885.

Bruk 9. Rosenlund. Skilt frå bruk 1 med skyld 4 øre, og i 1918 lagt til bruk 5.

Bruk 10. Øvre Ullestad. Skyld 55 øre. Statsbanane oreigna det i 1903 av bruk 1.

Bruk 11, Øvre Ullestad, skyld 60 øre. Statsbanane oreigna dette i 1903 av bruk 2.

Bruk 12. Bjerkheim. Skilt frå bruk 1 med skyld 2 øre og ervefest i 1914 til August Bjerck, som bygde bustadhus der. Han er f. 1857.

Bruk 13. Bjerkheim. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 1 i 1916 og selt til August Bjerck.

Bruk 14. Bjerkheim. Utskilt frå bruk 1 med skyld 1 øre. Ervefest i 1918 til August Bjerck.

Bruk 15. Solbrekko. Skyld 5 øre. Skilt ut frå bruk 1 og ervefest i 1918 til Henrik Brekke. Han bygde bustadhus der. H. Kirkesæter kjøpte eigedomen i 1925. Han er f. 1859, gm. Anna Hegge, har vore stasjonsmeister ved Bergensbanen og driv no agenturforretning.

Bruk 16. Svartenakken. Utskild frå bruk 2 i 1918 med skyld 45 øre og ervefest til l/l Trelastforretningen, som har bygt sagbruk og bustadhus og driv materialhandel der.

Bruk 17. Solvang. Utskilt 1918 frå bruk 2 med skyld 25 øre. Botolv Steffason Ullestad fekk skøyte på dette stykket i 1918 saman med bruk 2.

Bruk 18. Baldershage. Skyld 5 øre. Skilt frå bruk 1 og ervefest i 1919 til overlærar O. Selberg. Same året vart bruk 19 skilt frå bruk 18. Selberg bygde bustadhus av mur og selde eigedomen i 1921 til Staten for 144 000 kronor som bustad åt lærarar ved Voss Landsgymnas. Sjå bruk 16 og 17 Nedre Ullestad.

Bruk 19. Solbakken. Skilt frå bruk 18 med skyld 2 øre. Selberg bygde bustadhus der og selde eigedomen 1922 til O.

--- side 209 ---

Ersgård. Han selde att 1924 til konduktør Hallvard Ødegård, f. 1887.

Bruk 20. Bjerkheim. Skilt frå bruk 2 med skyld 8 øre. Ervefest til August Bjerck i 1924.

Bruk 21. Solstrand. Skilt frå bruk 2 og ervefest til August Jonassen som tillegg til bruk 8. Skyld 1 øre.

Bruk 22. Apaldokk. Skyld 15 øre. Skilt frå bruk 2 og selt i 1928 til lektor Theodore Slette, som har bygt bustadhus og bur der.

Bruk 23. Solhagen. Skyld 15 øre. Skilt frå bruk 2 i 1927 og selt til Sigurd Brændehaug og Trygve Kolmanskog.

Anna K. Raustad har stovehus på eit stykke som er kjøpt av bruk 1. Ho er f. 1862.

Nedre Ullestad. Gardsnr. 45.

Matrikkelen av 1723 har ført upp Nedre Ullestad med skyld 3 laup 3 spann og med 2 brukarar. Der var lite vedaskog, ikkje kvern eller fiske, men ein liten humlehage. Garden var sers lettbrukt og hadde midels god jord for kornavling. Der var ei kvern i 1776 og 1791. Skyldi var 1777 og 1838 3 laup, umskrivi 1838 til 5 dalar 3 ort 12 skill. Samanlikningstalet var 860, og der var noko brennefang. Matrikkelen av 1865 fører upp: 16¾ mål åker, 17½ mål dyrka eng og av natureng 38½ mål god, 33 mål midels og 4 mål skrapebø. Det var ring vårhamn, ikkje sumarhamn, for lite vedaskog og ikkje timberskog. Garden var sers lettbrukt og hadde ikkje fiske. Det var to bruk. Bruk 1 var dyrka som vanleg og bruk 4 (Kapellansgarden) betre enn vanleg. I 1918 var det 19½ mål åker, 15 mål kunsteng og 16½ mål natureng.

Fødnad og avling (i tunnor) på Nedre Ullestad.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2   14   8          
1723 2   20   24   24      
1865 3   14   23   31 ,5 112  
1918 6   4   3          

Tidlegare er umtala eigarar og brukarar på heile Ullestad fyre 1662. Sokneprestembetet til Domkyrkja i Bergen åtte

--- side 210 ---

heile Nedre Ullestad. Det var 3 brukarar i 1652: ei enkje, Allef (Oluf?) og Rasmus. Olav Larsson er nemnd fleire gonger som leiglending 1655-1670 og må visst ha butt der lenger. Han var postbonde. Saman med dei andre postbøndene bad han i 1670 um å verta fri småskattane av di han utan godtgjering førde posten. Futen imøtekom det inntil vidare, då han fekk høyra, at vegane var slik at posten laut berast. Olav hadde i 1664 sonen Holgeir. Det må og vera Olav sin son den Lars Olavson som var leiglending i 1691 og 1701. Framhald bruk 4.

Dei einskilde bruk på Nedre Ullestad.

Bruk 1. Nedre Ullestad. Lars Johannesson var og leiglending i 1701, nemleg på bruk 1. Han var fødd 1654, gm. Doretta Olavsdr., og døydde 1703. Dei hadde to born, Johannes og Herborg. Johannes, g. 1711 med Ragnhild Knutsdr. Uppheim, var leiglending på Uppheim i Gullfjordungen. Herborg, f. 1687 var gm. Lars Gudleikson. Dei hadde sonen Gudleik, f. 1713 og kann henda fleire born. Lars Gudleikson var so leiglending etter verforeldri. Holgeir Larsson er umtala som leiglending 1718 og 1756. Han gifte seg 1718 med Torbjørg Jonsdr. Mølster og døydde 1766, 83 år gl. 7 born: Lars, f. 1719, Odd, f. 1727, Ingebjørg, gift 1762 med enkjemann Endre Jonson Berde, Gudve, f. 1730, Jon, f. 1734, Brita og Knut.

Odd Hollgeirson var gift 1759 med Brita Kristensdr. Rogne og var leiglending til 1783, då han bytte med Knut Larsson uti Skulestad. Knut var gift med Anna Olavsdr., var leiglending på Ullestad til 1786 og døydde 1790, 51 år gl. 7 born: Lars, f. 1772, Olav, f. 1774, gm. Ingebjørg Olavsdr. Ringheim, Sylfest, f. 1778, Brita, f. 1773, Kristi, f. 1779, Gjertrud, f. 1782 og Gunnvor, f. 1786, død 1844.

I 1786 bygsla Knut Sveinson Eimstad garden. Han var gm. Kari Eiriksdr. Rogne og døydde 1833, 78 år gl. Dei hadde 7 born: Anna, Gudve, Eirik, Olav, Brita, Svein og Jorunn. Anna var gift 1. med Sjur Larsson, gardmann på Eggjareir, 2. 1813 med Askjel Brynjulvson Øvsthus, husmann på Brekkestølen. Eirik f. 1786, var ugift. Han var korporal og var med i krigen mot Sverike. Han fraus ihel 1828. Olav f. 1789, gm. Ingebjørg Olavsdr. Ringheim. Husmann på Ringheim. Brita

--- side 211 ---

f. 1795, gift til Gjukastein med Knut Larsson. Svein f. 1797, gm. Synneva Steffadr. Grevle. Husmann på Ullestad, seinare på Ronve. Jorunn f. 1802, gm. Lars Knutson Gjerme. Sjå elles Kindem, Glimmeætti nr. 138.

Gudve f. umlag 1784, gifte seg 1810 med Knut Eirikson Finne. Dei bygsla bruket 1811 og fekk kongeskøyte på det 1837 for 500 spd., men selde 1838 til Odd Larsson Svelgane og reiste til Nordland. Knut var med i krigen mot Sverike, var helsebroten då han kom heim att og vart aldri frisk att. Odd var gift 1825 med Margreta Oddsdr. Gjelle, dotter åt den gåverike Odd Gjelle, og døydde 1856. Dei 3 borni deira døydde i november og desember 1848, truleg av smittsam sjukdom. Odd selde tridjeparten av garden i 1850 til Brynjulv Oddson Gjelle. Han og enkja etter Odd selde garden til sakførar A. Thorsen i 1853 for 260 spd. etter at Basteryggen var fråskild 1846, og to tridjepartar av garden var fråskilt i 1852. Bruket sin part i Ullestadteigen vart utskilt 1856. Deretter var skyldi på bruk 1 4 ort. Resten av garden kjøpte distriktslækjar Torstein Nesheim i 1856 for 406 spd. Han var f. 1811 på Nesheim i Granvin, gm. Ingebjørg Hansdr. Seim og var distriktslækjar på Voss frå 1849 til han døydde 1887. Dei hadde 8 born: Herborg, Per, Brita, Ingebjørg, Hans, Helena, Torstina og Ingvald.

I 1873 var fyre i heradsstyret tilteljing frå T. Nesheim um å få apotek på Vangen. Heradsstyret talde til, men her kom ikkje apotek fyrr ikring 1879 etter ny uppmoding frå heradsstyret.

Enkja let garden i 1892 til sonen Ingvald Nesheim (sjå um han på bruk 59 av Prestegarden). Enkja hans har no garden.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 45, Inr. 100, med gamal skyld 1½ laup, urevidert 2 dalar 3 ort 22 skill. Som ovanfor umtala var den ureviderte skyldi etter at nokre bruk var fråskilde 4 ort, revidert 4 ort 12 skill. Ny skyld mark 1,31. Seinare er utskilt bruk 13 og 15. No er skyldi på bruk 1 86 øre.

Bruk 2. Ullestadteigen. Utskilt frå bruk 1 i 1856 med skyld 16 øre og selt til Nils Johannesson Teigen. Han selde 1861 til Knut Sveinson Byrkjo. Sonen Knut fekk det i 1901. Eigedomen er på sørsida av Vangsvatnet, gard nr. 233.

Bruk 3. Basteryggen. Fleischers Hotell. Skilt ut frå bruk 1 med urevidert skyld 4 ort 11 skil. og selt til bakar Sebastian Jersin for 200 spd. Han kjøpte bustadhuset av kaptein Blytt

--- side 212 ---

på Eimstad, flytte det vinteren 1845-46 til Basteryggen og sette upp bakeri, borgstove, flor, stall og løe. Bustadhuset var 23½ al. langt, 13 al. breidt, 9½ høgt frå kjellarmuren til sperret og hadde 2 høgder. Jersin var den fyrste utlærde bakaren som dreiv bakeri her. Han søkte fleire gonger i 1846-1851 um landhandlarløyve, og då han fekk det, dreiv han sidan landhandel. Krambu leigde han i gamle "Pålhuset", tuft 67 på Vangen. I 1852 kjøpte han av bruk 1 Nedre Ullestad noko jord som tilloge til eigedomen sin. Eit tohøgda bustadhus bygde Jersin


Fleischers Hotell
Bilete 31. Fleischers Hotell i 1870. Fot. Johanne Skagen.

i 1857 i vest for dei andre husi sine. Jersin tok og til med hotelldrift og fekk den faste skyss-stasjonen då han vart skipa i 1862. Jersin var dessutan postopnar til han døydde 1864.

Fredrik Fleischer kjøpte i 1865 eigedomen for 2295 spd. etter at Inr. 100 a 2 var fråskilt og seinare selt til utskiftingsformann Albert Heiberg. Fredrik Lyth Ørum Fleischer var fødd 1835, døydde 1906 og var gift med Magdalena Margreta fødd Schlanbusch 1839. Ho døydde 1915. Dei heldt fram med bakeriet og handelen i lengere tid og leigde krambui i Pålhuset. Skyss-stasjonen hadde dei til 1901. Hotelldrifti heldt dei fram med. Det var 16 gjestesenger i det gamle hotellet deira.

--- side 213 ---

I 1870-åri bygde dei nytt tohøgda hus ("Vetlebygningen"), der dei fekk fleire gjestesenger og krambu i kjellarhøgdi. Handelen vart so flytt dertil. I 1887-88 bygde Fleischer ny stor hotellbygning på dei gamle tuftene, men umlag ferdigt til å takast i bruk brann det ned natti til 13. mai 1888. Han bygde so på nytt lag det hotellet som no står der. I det er umlag 70 rom med 120 gjestesenger, matsal til 200 menneske, hall, røykjerom, damesalong, billardrom og bad. Fleischer arbeidde hotellet fram til eit av dei beste i landet.


Fleischers Hotell. Til vinstre Kjellers Hotell og Meinhardts Hotell
Bilete 32. Fleischers Hotell. Til vinstre Kjellers Hotell og Meinhardts Hotell. Fot. K. Knudsen 1890.

Det har havt god søknad og vore vitja av mange fyrstelege personar, kongar og andre framståande menn. Av slike kann nemnast kong Oskar II som kronprins i 1872 og som konge 1880 og 1896, kong Edward som prins av Wales 1885, keisar Wilhelm II 1890, 1894 og 1896. Keisarinne Augusta Victoria var med i 1894. Vidare kong Leopold av Belgia 1896 og 1900, kong Gustaf av Sverike som krunprins 1898, dronning Mergherita av Italia 1903, kong Kulalongkorn av Siam 1907, kong Fredrik av Sachsen 1908, kong Håkon VII1908, 1909 og 1914, og dronning Wilhelmina av Holland 1928.

Fredrik og Magda Fleischer hadde 3 born: Johan Sechman,

--- side 214 ---

f. 1865, Theodor Gerhard, f. 1871 og Cecilia Susanne Ørum, f. 1867. Johan er gift med Aletta Magdalena Hansen, f. 1866. Theodor er gift med Maria Sofia Borchsenius, f. 1874. Cecilia var gift fyrst med Herman von der Fehr og sidan med Erling Kverndal, kjøpmann i Dokka, Valdres. Brørne Johan og Theodor Fleischer som hadde fått fagleg upplæring i utlandet i hotellverksemd, fekk i 1906 hotellet hjå foreldri sine og dreiv det til våren 1917. I 1916 selde dei hotellet til a/s Fleischers Hotell, som hadde det til 1928. Då kjøpte Theodor Fleischer det attende og har sidan drive det saman med sonen Fredrik, som og har lært hotellverksemd i utlandet.

Frå tid til onnor kjøpte Fr. Fleischer av Prestegarden ymse stykke som vart lagde til hotelleigedomen. Av Ullestad har han fått ein parsell på ervefeste lagd til hotelleigedomen på vestsida.

Til bruk 3 er lagt: Lnr. 100 b, Inr. 100 a 3, Inr. 99 b, Inr. 100 a 2 b, Inr. 105 a 2, Inr. 105 a 1 a 1 a 4, bruk 5 og 10 og gnr. 44 bruk 7. Frå bruk 3 er utskilt: Lnr. 100 a 2 b, bruk 14 Grovendal, bruk 19 og 20. Deretter er skyldi på bruk 3 mark 3,98.

Lnr. 100 b, skilt frå bruk 1 med skyld 12 skill. og selt til Sebastian Jersin i 1846 for 100 spd. Eigedomen vart selt 1865 til Fredrik Fleischer saman med bruk 3 og ført saman med det.

Lnr. 100 a 3. Nedre Ullestad. Utskilt frå bruk 1 i 1852 og selt til sakførar Ludvig Krogh. Futen Tomas Thode kjøpte eigedomen i 1860 og selde 1871 til Fredrik Fleischer. Skyldi er mark 1,46. Eigedomen er sidan ført saman med bruk 3.

Lnr. 100 a 2 b. Nedre Ullestad. Utskilt i 1865 frå bruk 3. Christian Fleischer kjøpte eigedomen med bustadhus på auksjon i 1870 for 570 spd. Det var B. Jersin som i 1857 hadde bygt huset. Det er fortalt, at det var huset åt kaptein Holck på Kvåle som fyrst vart flytt til Tvilde, og som Jersin so i 1857 kjøpte og flytte til Basteryggen. Fleischer selde att 1871 til utskiftingsformann Heiberg. Då han flytte frå Voss, kjøpte Fredrik Fleischer eigedomen, som seinare vart ført saman med bruk 3.

Bruk 4. Nedre Ullestad. Lars Olavson Ullestad, umtala ovanfor, f. 1649, var gift med Brita Torgeirsdr., som døydde 1717. Ved merkeskilsforretning 1708 på Nesthus er upplyst at Lars hadde butt på Ullestad 23 år. Lars levde etter kona si

--- side 215 ---

og hadde 5 born: Odd, Berge, Hollgeir, Gjertrud og Brita f. 1790. Hollgeir, g. 1718 med Torbjørg Jonsdr. Mølster var leiglending på bruk 1. Gjertrud, f. 1787, var gm. Erling Rognaldson Store Skiple. Odd Larsson f. 1681 gifte seg 1711 med Rannveig Larsdr. Takla og var leiglending etter foreldri sine til 1727, då han døydde. Ho Rannveig gifte seg att 1728 med Olav Torbjørnson Grimastad og døydde 1738, 72½ år gl. Olav bygsla garden i 1728. Rannveig hadde med Lars 2 born: Odd f. 1722, og Ragnhild f. 1724. Mons Oddson, gift 1738 med Marta Bårdsdr. Litlere, var leiglending etter Olav og hadde 5 born: Odd f. 1740, Bård f. 1742, Lars f. 1746, Rannveig f. 1748 og Jorunn f. 1750. I 1740-åri er dette bruket teke til kapellansgard. Sjå vidare um Voss Kapellansgard side 219.

Bruk 5. Grovendal. Utskilt frå bruk 4 og selt til Forstmeister A. T. Gløersen i 1883 men seinare ført saman med bruk 3 Basteryggen.

Bruk 6. Litle Ullestad. Utskilt frå bruk 4 i 1886 med skyld 4 øre og selt til skomakar Jan Jakobsen Ullestad. Tidlegare var denne staden kalla "Huse", og Jan var best kjend under namnet Jan i Husæ. Skomakar Jakob Meyer von Bremen, gift 1728 med Maren Johannesdr., var den fyrste ein veit um som budde der. Etterkomarar av dei har sidan butt der, og fyrrnemnde Jan er visst den 5te etter han Jakob. Jan var f. 1830, gm. Henrikke Nilsdr. og døydde 1913. Borni deira er reiste frå Voss. Vilhelm, stykson hans Jan, har no eigedomen. Bruk 16 vart i 1920 fråskilt. Skyldi på bruk 6 vart då 3 øre.

Bruk 7. Lillehjem. Skilt ut frå bruk 4 i 1886 med skyld 1 øre og selt til Barbrå og Guro Persdr. Ullestad. Denne plassen heitte og Huse tidlegare. Barbrå og Guro hadde butt der sidan foreldri deira, Per Olavson og Rannveig Samsonsdr. døydde. Dei var komne der i 1830-åri. Soneson hennar Guro, Lars Knutson, fekk eigedomen i 1907.

Bruk 8. Ullestadteigen. Skilt ut frå bruk 4 i 1892 med skyld 6 øre, og ligg på sørsida av Vangsvatnet. Lars Bergeson Fadnes kjøpte det då og let sonen Jon få det i 1916 saman med gnr. 233, bruk 1.

Bruk 9. Skitset. Denne stølsparten som ligg på Hangur ovanfor Mølster, vart skrid frå bruk 4 i 1891 med skyld 3 øre og selt til Sjur Andersson Øvre Ullestad. Sonesonen Sjur Knutson fekk stølen i 1911.

--- 216 ---

Bruk 10, Grovendal. Skilt frå bruk 4 i 1892, og selt til forstmeister Gløersen men i 1904 ført saman med bruk 3.

Bruk 11. Fosshamar. Utskilt frå bruk 4 i 1893 og selt til Knut Sjurson Ullestad med skyld 27 øre. Sonen Sjur fekk eigedomen i 1911.

Bruk 12. Ullestad. Utskilt frå bruk 4 i 1904 ved oreigning av Statsbanane 1903 med skyld mark 1.75.

Bruk 13. Lidarheim. Utskilt frå bruk 1 i 1912 med skyld 38 øre og selt til Olav Holdhus, som har bygt seg bustadhus der. Han er lærar på Voss Folkehøgskule, er f. 1869 og gm. Valborg Nergård.

Bruk 14. Grovendal. Utskilt frå bruk 3 i 1917 med skyld mark 1,49 og skøytt til Johan og Theodor Fleischer. Bruk 17 og 18 er fråskilt, og skyldi på bruk 14 er so mark 1,45. Johan Fleischer skøytte i 1922 sin part til broren Theodor Fleischer.

Bruk 15. Solhaug. Skilt ut frå bruk 1 i 1918 med skyld 6 øre og selt til P. Hjertholm. På denne eigedomen er bustadhuset som distriktslækjar T. Nesheim hadde. Ingeniørane Hogstad og Berg var saman med Hjertholm um eigedomen, men let sin part til han i 1919. Han selde 1921 til konduktør Moen som selde att 1926 til E. Bergesen. Sidan kjøpte Sjur K. Ullestad eigedomen. Sjur er f. 1901.

Bruk 16. Baldershage, skyld 1 øre. Skilt ut frå bruk 6 i 1920 med skyld 1 øre og selt til O. Selberg til utviding av bruk 18 Øvre Ullestad. Selberg selde att 1921 ti Staten.

Bruk 17. Baldershage, skyld 3 øre, skilt ut frå bruk 14 og selt til O. Selberg til utviding av bruk 18 Øvre Ullestad, likeins som bruk 16.

Bruk 18. Rosenlund, skyld 1 øre, utskilt frå bruk 14. Theodor Fleischer skøytte i 1922 sin part til medeigaren, broren Johan Fleischer.

Bruk 19. Hagane, skyld 25 øre. Utskilt frå bruk 3 i 1926 og selt til sorenskrivarkontorist I. L. Nesheim. Han har bygt der og dyrka mykje på eigedomen. Sjå bruk 131 av Lekve.

Bruk 20. Vestvang, skyld 90 øre. Utskilt 1929 frå bruk 3 og skøytt frå a/s Fleischers Hotell til Voss Veksel- og Landmandsbank for 12 000 kroner.

--- side 217 ---

Husmannsplass på Ullestad.

Dordei og Torbjørg var "huskonor" i 1645. I 1701 var der 2 husmenn: Olav Åmundson, 21 år gl. gift, og Gunnar Gjertson, 58 år gl. med sønene Knut 14 og Sjur 9 år gl. På plasset Skoffotegroæ budde Lars i 1748. Plasset må ha lege ved Skoffotegroæ, som var namnet på groi ved Fleischers Hotell. Namnet Skoffotegroæ trur dei kjem av, at når folk kom og skulde til kyrkje, vaska dei føtene der i groi og tok på seg skoffotæ (sokkar og sko). Folk gjekk nemleg mykje berrføtte um sumaren i eldre tid. I 1750 var det skifte etter husmannskona Guri Olavsdr. Mannen Berge Larsson levde etter henne. Ikkje born. Nils Styrkson, gm. Marta Johannesdr. er nemnd i 1779, Sjur Sjurson, gm. Eli Andersdr. er nemnd i 1779. Snikkar Gjert Henrik Pants, død 1811, gift 1780 med Kari Olavsdr. Brekke, budde på Snikkarrinden ved merket mot Finne. Vidare var desse husmenn: Skyss-skaffar Åmund Erlingson, død 1822, gm. Gudve Andersdr., Lars Sveinson, gm. Dordei Sveinsdr., nemnde 1833, Svein Knutson, gm. Synneva Steffadr., nemnd 1836 og 1831, då han laut bøta 20 rd. for å ha selt brennevin.

Sjur Kolbeinson fekk i 1830 feste på plasset Snytto. Nils Larsson, gm. Gjertrud Gusskalksdr. Vangen, var fyrst paktar fleire år på Ullestad, der foreldri hans tidlegare hadde vore paktarfolk. Frå 1834 til 1873 var han husmann på Snytto ved Snyttegroæ eller Fosshamargroæ, som groi og er kalla. Nils var best kjend under namnet Snytten, og dreiv mykje med slakting og selde kjøt på Vangen. Nils hadde vore med i krigen mot Sverike. Han fortalde at svenskane skaut alltid for lågt. Ein gong måtte han røma undan svenskane, og dei skaut etter han. Då såg han kor kulone rispa i bakken. Sistpå kom han seg inn i ein skog og var berga. Gustav Hellstrøm, gm. Brita N. Seim har sidan ikring 1886 butt der Snytteplasset var. Anders Åmundson var husmann og skyss-skaffar etter far sin, Åmund Erlendson, nemnd ovanfor, og budde der bruk 5 Rosenlund på gnr. 44 no er. Lars Sveinson Lydvo, gm. Eli Nikolaisdr. Vangen budde på plasset Bòkko frå umlag 1850. Han døydde 1889 og var mange år gravar og ringjar ved kyrkja. Borni deira var: Svein, Gudve, Nikolai, Ingjerd, Brita, Elsebø, Nils og Anna. Svein, g. 1867 m. Ingebjørg N. Lille-

--- side 218 ---

graven, er skomakar, sjå bruk 68 på Prestegarden, Gudve, f. 1847, var gm. Knut S. Helleve, sjå bruk 3 Skulestad. Nikolai, f. 1849, gm. Guro N. Hefte, var husmann på Kinne. Ingjerd, f. 1852, er ugift. Brita, f. 1857, gm. enkm. Anders T. Lirhus, som var husmann på Dukstad. Elsebø, f. 1855, var gm. gardmann Olav O. Takla. Nils var f. 1861. Anna, f. 1864, er gm. arbeidar Karl Henriksen.

Skreddar Knut Larsson Ullestad hadde stovehus på Øvre Ullestad sin eigedom, der bruk 12 no er. Knut var f. 1827, gm. Ingjerd Torgeirsdr. Mølster og døydde 1910. Dei fekk borni Lars, Kari, Torgeir, Eirik, David og Olav. Kari var gm. Arnfinn S. Finne. Torgeir gifte seg 1880 med Guri P. Lydvo. Eirik gifte seg 1. 1882 m. Ingebjørg G. Rokne, 2. 1918 m. Ingebjørg A. Gavle, er skreddar og har stove på Ringheim. David var snikkar og g. 1885 m. Marta P. Midttun. Olav, f. 1866, er reist til Bergen.

Ullestadstølene.

Ullestad hadde ikkje sumarstøl i 1723. Øvre Ullestad har vårstøl på Skitset på Hangur. Knut Sjurson Øvre Ullestad kjøpte sumarstøl åt bruk 1 på Spildadalen i Granvin. Bruk 2 hadde i 1880-åri til umlag 1895, sumarstøl på Viksethaugane på Brekkedalen, Vossastrand, men vantar no sumarstøl.

Offentlege forretningar.

Tingsvitne um at Ullestad var øydegard, var halde 1668. I tingboki er tilført 1669, at Ullestad låg øyde. Vidare er sagt, at ålmugen var so fatig, "at en stor del" laut tigga sitt brød. Forretning um skogen i Ullestadberget er halde 1677, ein forretning i 1684, sak mot Nesthus 1708, og mot Mølster 1756 um merki, steineforretning 1758 millom Ullestad, Prestegarden, Mølster og Bogne, merkeskilsforretning 1761, forretning vedkomande Ullestadteigen 1775, mot Finne i 1776 og mot Gullbrå, i 1777 ura stølen Sydalen, grensetvist med Mølster 1777, utskifting 1838, jarnbanetakst 1903. På Øvre Ullestad var orskurd 1904 um burekkjeveg, grenseregulering 1910 millom bruk 1 og bruk 11 av Prestegarden, forlik i 1849 millom bruk 2 og Finne una vassleiding, semje med futen Thode i 1863 um veg og vassrett vedkomande Grovendal. For Nedre Ullestad bruk 1 kontrakt med Vossavangens Meieri 1887 og 1891 um vassleiding og kontrakt med Mølster 1894 um brunn. Millom bruk 1 Øvre Ullestad og bruk 4 Nedre Ullestad var godviljug utskifting 1828.

Bumerke på Ullestad.

Bumerke teikna av bunadsmenn på Øvre og Nedre Ullestad: Lars Gudleikson 1710, 1713 t. 2. nr. 13. Torgils 1710-1713

--- side 219 ---

t. 3 nr. 7. Torgils 1711 t. 3 nr. 8. Merket er snutt på ymse måtar i 1718, 1721, er brigda noko i 1723 og 1724 og mykje meir i 1728. Lars Olavson 1712 t. 3 nr. 9. I 1717 teikna han t. 3. nr. 21, men utan øvste skrå striket på vinstre sida. Arve Håvardson 1713 t. 3. nr. 10. I 1715-1718 er teikna berre A. Odd 1722 t. 3 nr. 11. Same merket brukte Olav i 1733, 1736 og Mons i 1744. Mons 1754 t. 3 nr. 52. Dette merket brukte Odd i 1767, 1768, 1777, Torgils i 1768 og Torgils Arnfinnson i 1773. Same merket med eit lite tverrstrik i ringen brukte Odd 1776 og Odd Hollgeirson i 1779 og 1780. Hollgeir 1722 t. 2 nr. 51. Merket er brigda 3 gonger 1734-1755 og er mest likt samanfletta H F eller H E. Knut Hallvardson husmann 1723 t. 3 nr. 12. Arnfinn 1727-1737 t. 3 nr. 13. Torgeir Anderson 1730 t. 3. nr. 14. Berge 1731 t. 3 nr. 15. Ingebrikt 1752 t. 3. nr. 16. Merket er brigda både 1754 og atter 1757-1758. Gudleik 1768 t. 2 nr. 71. Torgils Arnfinnson 1780 t. 3 nr. 6. Torgils har brigda det noko i 1780. Seglet til Torgils har i 1769 bokstavane T A S og bumerket t. 3 nr. 6. Odd sitt segl i 1769 har bokstavane O H S og bumerket hans av 1776 umtala ovanfor. Sjå bumerketavla s. 11.

Är du säker på att du vill logga ut?